I dag er det havdjupna som avgjer kor vidt eit område er definert som eit nytt fiskeområde eller ikkje. Område som er djupare enn 1000 meter blir rekna som nye fiskeområde og det må søkast om løyve for evt. å starte fiske her. Er det grunnare er det lov å fiske, viss ikkje området er stengt som følgje av anna regelverk.

Kartlegging
Det pågår no ei omfattande kartlegging av havbotnen i området rundt Svalbard gjennom Mareano-prosjektet. Samtidig som det arbeidet pågår, prøver Fiskeridirektoratet å få oversikt over kva for område det tradisjonelt har vore fiska i. På den måten kan ein få ei klarare avgrensing av kva som er ”nye” fiskeområde.

- Vi har data tilbake til 2001 som viser kvar det har vore aktivitet i den perioden, men viss det er fiskarar som veit at det har vore fiska også i andre område, vil vi gjerne få også det inn i karta, seier Gunnstein Bakke, seniorrådgivar i Fiskeridirektoratet.

Viktig for Arktis-avtalen
I dag har Fiskebåt inngått ein frivillig avtale med ei rekke fiskeoppkjøparar om å ikkje gå inn i nye område før botnforholda er kartlagt, gjennom den såkalla Arktis-avtalen. Her er det ikkje klart kva for retningslinjer som skal gjelde, før eit område blir opna for fiske. Vilkåra som no blir utarbeida av Fiskeridirektoratet kan difor kome til god nytte også i dette arbeidet.

Bakke understrekar at det ikkje er snakk om å stenge område, men at ein får på plass vilkår som skal gjelde før ein kan starte fiske i område der det tidlegare ikkje har vore fiska.

Tidsskjema
Direktoratet tar sikte på ha klar dei første utkasta til kart i veka etter påske, og tar sikte på å ha ferdig kriteria innan utgangen av mai.

Presentasjonen som Gunnstein Bakke heldt, då han møtte Fiskebåt sine medlemmar i Ålesund, finn du på lenka under.