Ny forskrifter pålegg fiskefartøy i fartsområde bankfiske I eller større om å reinse ballastvatnet når det blir skifta ut. Dette for å hindre at organismar spreier seg inn i nye havområde. Fiskebåt er i hovudsak positiv til denne konvensjonen, som følge av at spreiing av organismar over store avstandar også har hatt uheldige verknader i norske havområde.

Restriktiv
Fiskebåt er likevel kritisk til å påføre store kostnader til båtar som held seg innafor dei same straumsystema i havet. Ifølgje Fiskebåt er forskrifta på enkelte punkt meir restriktiv enn det konvensjonen skulle tilseie.

Internasjonalt
Ifølgje konvensjonen blir det vist til at den gjeld for alle skip i internasjonal fart, medan det i forskrifta blir vist til at den skal gjelde fiskefartøy som driv bankfiske I eller større. Det vil seie at fiskebåtar som går til hamn i Sverige eller Danmark er omfatta av forskrifta. I den same forskrifta heiter det at det kan bli gitt unntak for utanlandske skip som utelukkande opererer i norsk territorialfarvatn, norsk økonomisk sone, eller norsk kontinentalsokkel.

Ifølge Fiskebåt er det difor urimeleg at ikkje norske fiskebåtar skal kunne følge same regelen, så lenge dei også held seg i norske havområde.

Fiskebåt invitererer no til eit samarbeid med Sjøfartsdirektoratet, for å finne gode og kostnadseffektive løysingar for ballasttankar om bord i fiskefartøy.