Fiskeridirektoratet ønskar seg meir forsking for å få eit betre grunnlag til å drive forvaltninga utifrå.

Avgift
I utgangspunktet kan alle norske forskingsinstitusjonar utanom Havforskingsinstituttet og Nifes søke om midlar frå fiskeriforskingsavgifta. I tillegg kan private norskregistrerte aktørar som samarbeider med ein forskingsinstitusjon også søke.

- Fiskeflåten betalar kvart år inn ei avgift som skal kome næringa og kysten til gode gjennom forsking. Vi behandlar alle søknader, men prosjekt som dekker fiskeriforvaltninga sine kunnskapsbehov vil bli prioritert framfor andre prosjekt, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Treng kunnskap
Ho viser til at Fiskeri-Norge rett og slett treng meir spenstig forsking for å få utløyst potensialet frå havet. Fristen for å søke om tilskotsmidlar frå fiskeriforskingsavgifta er 1. november. Eit eventuelt tilskot skal dekke kostnader til bruk av fartøy og eventuelt andre ekstrakostnader knytt til prosjektet.

Delfinansiering frå Norges forskingsråd, Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond, Innovasjon Norge eller EU vil virke positivt inn på søknaden om tilskot frå fiskeriforskingsavgifta.

- Målet vårt er å stimulere til at det blir henta inn meir kunnskap, slik at det kan vere med å utløyse potensialet som ligg i havet. Norge har fleire gode forskingsmiljø som kan vere med, men finansiering av prosjekta er ofte ein flaskehals, seier Holmefjord.