Ressurssituasjonen for raudåte er god i Norskehavet, og behovet for marint råstoff er stort både til fiskefór og til menneskeleg bruk.

Etter mange år med forsøksfiske tilrår difor Fiskeridirektoratet at det i norsk del av Norskehavet blir opna for ordinært fiskeri i område utanfor grunnlinene i Norges økonomiske sone (NØS) avgrensa mellom 62° N og vest for 24° A, og i Jan Mayen-sona utanfor 12 nm.

Etter mønster frå Antarktis

Fiskeridirektoratet tilrår at det blir fastsett ein totalkvote etter liknande mønster som for kvotefastsettinga for krill i CCAMLR-området i Antarktis.

For heile det opna området i Norskehavet blir det foreslått å fastsette ein totalkvote på 165 000 tonn.

Til fråtrekk kjem 3 000 tonn avsett for hausting av raudåte i eit område i NØS mellom grunnlinene og 1000 meter djupnekoten.