I innlegget viste Sandberg til at det no blir jobba i departementet med forslaga som kom fram i kvoteutvalet, eller populær omtalt som Eidesen-utvalet i fjor. Det er enno ikkje klart når dette blir lagt fram for Stortinget for politisk behandling.

- Vi må få eit kvotesystem som er enklare og står seg over lang tid. I dette arbeidet er det også viktig å sørge for at vi får ein fiskeindustri som svarar seg. Det gjer den ikkje i dag, sa Sandberg.

Sandberg er opptatt av at ein å sjå på heile verdikjeda i fiskerinæringa, og at svak lønsemd i landindustrien også kan slå tilbake til fiskeflåten.

- Heile verdikjeda må svare seg, og framover blir det avgjerande at sjømatindustrien også svarar seg, sa Sandberg.

Fiskeriministeren peika også på at næringa treng stabile rammer, og at dette blir enda viktigare framover. Dette skal ifølgje Sandberg kome fram når regjeringa legg fram sitt forslag til eit enklare og framtidig kvotesystem.