I opningstalen retta styreleiaren kritikk både mot Pelagia og fiskeriministeren.

- Det er store verdiar som står på spel. Dette merka vi ikkje minst, då Pelagia brått stengde ned alle fabrikkane sine. Dei sa det var på grunn av nedvask, men for meg var det nok eit døme på kor uforutsigbar denne næringa er, sa Østrevold.

Kritikk
Han kom også med kritikk mot fiskeriminister Per Sandberg.

- Vi har ein statsråd som utan foranledning gir bort 3000 tonn torsk til ein TV-kjendis. Same statsråd synes også det er heilt greit å gi dispensasjon frå deltakarlova, og lar fiskeribedrifta Gunnar Klo få lov til å drive fiskebåt, sa Østervold.

Ressursforsking
Østervold peika også på at det er mykje positivt å vise til, og at vi no går mot slutten av nok eit godt fiskeriår.

Litt av nøkkelen for stabilitet ligg i god ressursforsking.

- Ressursforskinga er viktig, og er ein kontinuerleg prosess som vi aldri blir ferdige med. Eg er difor glad for at Fiskebåt også har fått på plass vår eigen ressursforskar. Utan merkeordningar, gjenfangst og tråltokt, ville nok makrellkvoten vore langt mindre, sa Østervold.