Kampanjen gjekk ut på å selje billege fish&chips-porsjonar til britane i samband med 200-årsjubileet for Grunnlova 17. mai i år. Samstundes fekk kundane informasjon om at fisken kom frå norske fartøy, som haustar berekraftig og frys inn fisken som filet kort tid etter fangst i dei kalde, klare farvatna i Barentshavet.

I 99 utsal spreidde over heile landet kunne britane kjøpe fish&chips til 99 pence, som resultat av eit samarbeid mellom Sjømatrådet og seks norske fabrikkskip og linefartøy. I alt ga Andenesfisk 1, Atlantic, Frøyanes, Geir, Granit og Ramoen 16 000 kilo førsteklasses sjøfrosne filetar til kampanjen.

Alle mål når det gjeld deltakande utsal, talet på selde porsjonar og positive tilbakemeldingar blei nådde. Kampanjen fekk også god omtale i britiske mnedia.

Sjømatrådet, filetprodusentane og salsselskapa planlegg no nye marknadstiltak. Blant anna kjem dei ti regionale vinnarane i den store årlege fish&chips-konkurransen i Storbritannia til Ålesund 24.-26. november i år.