-På norsk side har vi i tillegg eit uløyst spørsmål med EU for 2009, iogmed at EU i strid med avtalen stengde norske makrellfiskarar ute frå EU-sonen frå førstninga av oktober. Dette spørsmålet har Norge tatt opp i bilaterale samtalar med EU, men så langt utan ei løysing, seier Maråk på telefonen frå Cork.
-Ingenting skal vere uprøvd i arbeidet med å få til ei løysing, seier Maråk, som saman med styreleiar Inge Halstensen i Fiskebåt deltar i den norske delegasjonen.