--Vi har veksande problem med feilernæring, fedme og helseplager, noko som i tillegg til ulempene for den enkelte har store økonomiske konsekvensar.
-Eit sunnare kosthald gir store gevinstar, for den enkelte og for samfunnet, både helsemessig og økonomisk, seier han.

-Fiskebåt meiner at den norske merkeordninga må utvidast, slik at mindre sunne og usunne matvarer også blir merka. Det er noko stadig fleire europeiske land gjer, seier Halstensen.

Eit utvida merkesystem, som blant andre dei store kjedene Marks&Spencer og Sainsbury i England bruker, deler matvarene inn i tre grupper:
Raudt markerer høg innhald av kaloriar, feitt, sukker eller salt, gult middels høgt innhald og grønt lågt innhald av det same
Forbrukarane blir oppmoda til å velje færre raude varer, og fleire gule og grøne.
Systemet er basert på retningsliner frå britiske styresmakter om kor stort inntaket bør vere av ulike næringsstoff.

-Både norske styresmakter og matvarekjedene bør ta steget vidare og ha mot til å la forbrukarane få vite kva som er mindre sunne og direkte usunne matvarer, seier Halstensen.
Han meiner at ei merkeordning bygd opp etter same modell som for eksempel i England vil hjelpe forbrukarane til å ta bevisste-og sunne-val.