Også i vinter opplevde norske ringnotfarty tilsvarande krav under vinterloddefisket ved sjekkpunktet til russisk økonomisk sone. Fartya blei då haldne tilbake i russisk sone med fangst. Den gongen løyste saka seg raskt, gjennom kontakt mellom norsk og russisk kystvakt som tilfeldig var samla til møte, då situasjonen oppstod.

Kravet går ut på at fartya skal ha teikningar av fangstreiskapen med dokumentasjon på at den er i samsvar med det bruket fartyet har ombord.
No er det farty som vil fiske hyse i russisk sone som møter kravet.

Sidan flåten etter det Fiskebåt kjenner til ikkje har fått varsel frå norske styresmakter om endra reglar for norsk fiske i russisk sone sidan i vinter blir Fiskeridirektoratet bedt om å avklare forholdet straks.