Nedreaas innleia om råda frå Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) om kvotar neste år. Det var ei rekkje spørsmål og kommentarar undervegs i den grundige gjennomgangen. Mest debatt blei det om det strenge bifangstregimet for reketrålarane. Medlemmene meinte i hovudsak at nokre få norske reketrålarar ikkje kan vere ein trussel for uerbestanden. Rådet er at dei mest aktuelle fangstområda må opnast for rekefangst tidlegare enn i år. Fleire åtvara mot ei utradering av den tradisjonsrike norske rekeflåten, dersom fisket blir regulert for hardt.

Etter innleiinga frå rådgivar Geir Blom i Fiskeridirektoratet om omrekningsfaktorar sa samtlege talarar at styresmaktene legg altfor store ressursar i å kontrollere filetproduksjonen, som ikkje representerer dei store voluma. Ingen hadde noko imot korrekte omrekningsfaktorar blei det sagt, men mange stilte spørsmål ved om utanlandske båtar har dei same omrekningsfaktorane som norske.