Spørsmålet frå Petter Løvik var formulert slik:
"Ordninga med distriktskvoter skulle skape større næringsutvikling langs kysten. Ein rapport frå Fiskeriforskning viser at ordninga har vore mislykka. Svært få har vunne på ordninga og mange har tapt. Norges Fiskarlag meiner at kystflåten totalt tapte 40-50 mill. kr på ordninga. Vil statsråden på bakgrunn av denne fiaskoen avvikle ordninga med distriktskvoter og heller fremme utviklinga langs kysten med andre, meir positive verkemiddel?".