-Det er eit positvt signal til omverda at ein ny milepel er nådd. Det seier Solveig Strand om at ho frå hausten av etter alle solemerke blir valt inn som første kvinne i landsstyret i Fiskarlaget.- Eg tenkjer likevel ikkje så mykje over den sida, for det har ikkje vore problem å vere kvinne i ein så mannsdominert bransje, seier ho.- Vervet er viktig, det kan bli tøffe tak, men eg ser på det som ei utfordring, seier Solveig Strand.

Jonny Berfjord i Dønna Havfiske i Nordland er den andre nye Fiskebåt ønskjer inn i landsstyret i Norges Fiskarlag. Ut går Åge Remøy og Tor Østervold.