Geir Sperre hadde helst sett at både råfisklova og deltakarlova blei gått gjennom. Det sa han under Pelagisk hjørne, på konferansen Pelagisk Arena i Ålesund.

I debatten, Pelagisk hjørne, viste han til at samanslåing av kvotar har ført til ein meir effektiv drift på sjøen, men at dette ikkje har gitt nokon gevinst for industrien på land.

- Viss industrien kunne eigd fartøy ville det ført til betre samhandling i verdikjeda og dermed meir effektiv drift og betre lønsemd, seier Sperre.

Både Janne-Grethe Strand Aasnes og Sigurd Teige som representerer fiskeflåten, meiner det er mogleg å ta ut større gevinst også i industrien utan å måtte endre på reglane som ligg til grunn.

- Dei har ikkje tatt i bruk til dømes robot-teknologi, slik vi ser det i møbelindustrien. Slik eg ser det har industrien mykje å gå på for å drive meir effektivt, seier Teige.