Roaldsnes nemnde desse hovudkonklusjonane, der det er samanfallande syn:

-mindre politisk detaljstyring
-fokus på lønsemd og effektivitet
-like rammevilkår for næringsutøvarar
-berekraftig hausting
-fritt reiskapsval
-auka innsats på ressursforsking og FoU
-ombordproduksjon

-Det er tre fleirtalsforslag som ikkje er i tråd med det rådande synet til Fiskebåt: forslaget om endringa av Fiskesalslagslova, Deltakarlova og forslaget om fritt kvotetak, sa Roaldsnes.

Fiskesalslagslova
-Eg er einig med mindretalet i utvalet som meiner at det ikkje er nødvendig å endre Fiskesalslagslova no når den har virka i berre eit år. Eg er overraska over fleirtalet sin konklusjon. Deira argumentasjon byggjer opp om at salslaga fungerer godt i ein marknadssamanheng, men dei konkluderer likevel motsett. Mi vurdering er at denne lova er like aktuell i dag som den gong Råfisklova vart innført. Det har vi sett i kvitfisksektoren dei siste åra, særleg for kystflåten, og vi ser det i pelagisk sektor i dag som følgje av sterk konsentrasjon på kjøparsida.
Dernest vil eg hevde at Fiskesalslagslova ikkje har vore til hinder for positiv utvikling på landsida. Lova bidreg til ein likeverdig marknadsplass for kjøparane. Det er grunn til å tru at denne lova har vore med på å oppretthalde ein differensiert flåte. Når dette er sagt, så kan det vere grunn til å sjå på om det er behov for alle salslaga vi har i dag, og om enkelte av dei burde slå seg saman for å betre tilbodet både til fiskarane og ikkje minst til kjøparane, sa Roaldsnes

Deltakarlova
-Fiskebåt har vore opptatt av å modernisere deltakarlova, men har ikkje hatt ei grundig behandling av aktivitetskravet i nyare tid. Eg personleg er opptatt av at vi i framtida har ein fiskeflåte som i all hovudsak er fiskareigd. Lokalt eigarskap er viktig for utvikling av kysten og for å oppretthalde ein differensiert fiskeflåte. Industriens eigarskap til fartøy vil redusere tilbodet i marknaden for dei landanlegga som ikkje eig fartøy. I tillegg er eg opptatt av vi skal oppretthalde ein norskeigd fiskeflåte og det er etter kvart mange som stiller spørsmål om forslaget frå Tveterås vil utfordre EØS-avtalen på dette punktet. Dette må avklarast før ein tek endeleg stilling til endringar, sa styreleiaren i Fiskebåt i talen til årsmøtet.

Kvotetak
Fleirtalet i Tveterås-utvalet anbefaler at dagens avgrensa kvotetak blir oppheva. Kvotetaka i strukturordningane er eit kontroversielt spørsmål i fiskeflåten, og særleg i enkelte fartøygrupper. Fiskebåt har generelt vore opptatt av at kvotetaka i strukturkvoteordningane skal tilpassast den økonomiske situasjonen reiarlaga står overfor, mellom anna lønsemda, evna til fornying og rekruttering av kvalifisert arbeidskraft. Fiskebåt har samtidig vore opptatt av at størst mogleg strukturering og effektivitet ikkje er eit mål i seg sjølv, men at det også er nødvendig å ta andre omsyn når kvotetaka skal fastsettast. Det har ikkje vore aktuelt for Fiskebåt å foreslå oppheving av kvotetaka i strukturkvoteordningane, sa styreleiaren i Fiskebåt, Tore Roaldsnes.

Ryggrada
-Fiskeflåten over 28 meter står for over 70% av verdien på første hand, og 80% av kvantumet. Det er viktig at fiskeripolitikken blir bygd på desse realitetane, det er denne flåtegruppa som er ryggrada i norsk fiskerinæring. Det er heilt sentralt at politikarane i alle parti bygger vidare på kunnskap om god ressursforvalting og gode strukturordningar. Det er det som har skapt ei lønsam og suksessrik næring. Dei fleste stortingsparti og næringa sjølv har all ære av den jobben som er gjort. Lønsemda i næringa har skapt vekst og nye næringar langs kysten. Fiskarane er opptatt av å vidareutvikle lokalsamfunna sine, sa Tore Roaldsnes i talen.

Handelspolitikk
I talen kom Roaldsnes også inn på marknadsspørsmål:
-Sjømatnæringa kan ikkje lenger akseptere at norsk handelspolitikk blir utforma på premissa til ein skjerma landbrukssektor som mottar 20 milliardar i statsstøtte. Norge må søkje størst og friast mogleg tilgang på den internasjonale marknaden for norsk sjømat, sa han i talen til årsmøtet.