På møtet i går deltok Torstein Kvalsvik, Reidar Blakstad og Harald Østensjø frå Sør-Norges Trålerlag og frå Fiskebåt Inge Halstensen og Audun Maråk. Spørsmål som blei diskutert var blant anna representasjon og finansielle forhold.
-Tonen var godt, vi er samde om det meste og berre detaljar står att før saka er klar for formell behandling i dei høgste organa i dei to organisasjonane, seier Fiskebåt-direktør Audun Maråk.

Opplegget er at Trålerlaget skal vere ein del av Fiskebåtredernes Forbund i løpet av året.