Partane er også samde om at Norge skal få 30.000 tonn lodde frå Russland, mot at Russland får 10.000 tonn NVG-sild frå Norge.

Norge og Russland er i forhandlingane dessutan blitt samde om totalkvote for blåkveite og også korleis denne skal fordelast. Norge får 51% av kvoten, Russland 45% og tredjeland 4%. Totalkvoten er fastsett til 15.000 tonn for 2010, 2011 og 2012.


-Det er postivt med ein større auke i torskekvoten enn det som var foreslått tidlegare, men for å vere føre var i forhold til balansen i økosystemet burde auken ha vore større, seier styreleiar Inge Halstensen i Fiskebåtredernes Forbund i ein kommentar.

-Det er positivt med loddefiske også i 2010, men betenkeleg at bestanden og kvoten er lågare enn i fjor. Signala frå forskarane har vore ein auke i loddekvoten, og utviklinga viser at det er nødvendig å sjå nærare på balansen i økosystemet i Barentshavet. Beitepresset på lodde frå torsk og hyse ser no ut til å vere for stort, seier Halstensen.

-Fiskebåt ser positivt på at Norge og Russland endeleg er samde om ei fordeling av blåkveite. Norge kjem dårlegare ut enn venta, men førebels har vi ikkje sett talmaterialet som ligg til grunn for fordelinga, seier Halstensen.

Forhandlingane i den norsk-russiske fiskerikommisjonen gjekk i år føre seg i Sotsji ved Svartehavet.