Leiar i styringsgruppa for det fem bind store historieverket, Leiv Grønnevet, oppmodar aktørar i sjømatnæringa, blant dei medlemmene i Fiskebåt, til å gi verket i gåve til skular, bibliotek og andre i sine nærmiljø.

-Historieverket gir ei allmenn framstilling av norsk fiskeri- og kysthistorie og har eit omfattande bildemateriale. Dette burde ha brei interesse, seier Grønnevet.

Norges fiskeri- og kysthistorie er den første samla, nasjonale framstillinga av fiskerinæringa.

Bind I
Det første bindet tar for seg fiskeri- og kyshistoria frå dei tidlegaste tider og
fram til 1720. Fofattarane behandlar den gradvise utviklinga av kystsamfunna gjennom steinalderen, bronsealderen og jernalderen. Frå rundt år 1000 veks det kommersielle eksportfisket fram, og utviklinga blir følgd gjennom blomstringstider og kriser fram til 1720. Bindet handlar ikkje berre om fiskeri, men om kystkultur i vid forstand, blant anna om båtbygging, busetnad, skipsfart og handel.

Bind II
Bind II tar for seg perioden frå 1720 til 1880. I løpet av denne tida blei fiskeeksporten frå Noreg mangedobla. I tillegg til tørrfisk og tran, som var eksportert sidan middelalderen, blei klippfisk og sild no viktige eksportvarer. Tilverking og sal av eksportfisk skjedde i regi av både kjøpmenn og bønder i ei rekkje sentra langs kysten. Folketalet langs kysten auka kraftig utover 1800-talet, og fiskeeksporten var med på å auke velstanden.

Bind III
I det knappe hundreåret frå 1880 til 1970 gjekk fiskeria gjennom store endringar. Frå eit kystnært og sesongprega småbåtfiske, der store delar av den vaksne, mannlege delen av kysfolket delto, endra det seg til eit effektivt og rasjonelt heilårsfiske med langt færre, men høgst profesjonelle yrkesutøvarar basert på ny og meir avansert teknologi. Overgangen fekk djuptgripande følgjer i mange kystsamfunn. For fleirtalet blei sjøen sterkare knytt til fritid og rekreasjon, medan eit mindretal omforma og forsterka si marine forankring.

Bind IV
Frå 1970 og fram til i dag har fiskerinæringa og kystsamfunna gått gjennom fleire dramatiske endringar. Den opne fiskerialmenningen er erstatta med eit kvoteregulert fiske, og næringa blei på 1990-talet subsidiefri. Talet på fiskarar og tilsette i fiskeindustrien har gått kraftig ned. Likevel bidrar fiskeria og tilknytte næringar til større verdiskaping i dag enn nokon gong tidlegare.

Bind V
Det siste bindet handlar om framveksten av den norske havbruksnæringa, som har gjort Noreg til ein verdsleiande produsent av både oppdrettslaks og teknologi.

Skuffa over Kulturrådet og Forskingsrådet
Verket på nesten 3000 sider har kosta 27 millionar kroner. Departementet har bidratt med åtte millionar kroner til finanseringa.

-Sjømatnæringa, bankar og finans har samla finansiert 17,5 millionar kroner. Det er eineståande i norsk samanheng at næringa ber den tyngste økonomiske børa i eit slikt verk, seier Leiv Grønnevet.

Fiskebåt har bidratt med over 500 000 kroner i dette store bokprosjektet.

Leiaren i styringsgruppa er derimot svært skuffa over Kulturrådet og Forskingsrådet:

-Dei har vist heile dette store og viktige prosjektet ei kald skulder, sier Leiv Grønnevet.