HI viser til at dei under presentasjonen av dei førebelse toktresultata sterkt understreka at målingane som er gjort i vinter er svært usikre.
Den norsk-russiske fiskerikommisjonen har vedteke at ein ikkje skal bruka slike punktestimat som vi har fått under loddeleitinga som grunnlag for å fastsetje ein kvote for loddefisket, men at ein skal ta omsyn til uvissa i berekninga. Haustingsregelen seier klårt at det skal vere mindre enn 5 % risiko for at mindre enn 200 000 tonn får gyte før det vert opna for eit fiske. Metodetoktet og loddeleitinga som er gjort i vinter endrar ikkje på kunnskapen som ligg til grunn for Havforskingsinstituttet sine råd til forvaltinga om lodda i Barentshavet, heiter detblant anna i pressemeldinga frå HI.

Direktør Audun Maråk i Fiskebåt seier på si side at det ikkje vil vere overraskande om loddemengdene er større enn det HI har anslått, ut frå at instituttet tradisjonelt har hatt låge anslag for lodde.
-Men sjølv med dei tala som Havforskingsinstituttet har offentleggjort står vi fast på at det var grunnlag for loddefiske i vinter, seier Maråk.Han viser til at det vanlegvis blir lagt til grunn at 200.000 tonn til gyting er nok. -Då tar vi ikkje hardt i når vi meiner det kunne vore fiska 200.000 tonn lodde i vinter, seier Fiskebåt-direktøren.