Administrasjonen i Fiskebåt starta strandryddeveka med å rydde Røssviksanden, som er ei strand på Vigra utafor Ålesund. Men enno er det mange stader som ventar på å bli rydda.

Det er difor svært gledeleg at vi kan vere med å støtte fleire lag og organisasjonar langs heile kysten. Saman med Råfisklaget støttar vi til saman 17 ideelle organisasjonar rundt om landet i dette viktige arbeidet.

Følg med på Facebook
Vi kjem til å dele bilde frå fleire av desse aksjonane på vår Facebookside i løpet av veka. Det er difor viktig at dei som har fått støtte og er ute og ryddar sender oss bilde, så skal vi legge dei ut.

Skal leve av havet
Fiskebåt er opptatt av å drive ei bærekraftig hausting av fiskeressursane. Det er livet i havet vi skal leve av framover. Difor er det viktig å støtte opp om tiltak som kan redusere søppelet i havet.

Dei som blir med på dette prosjektet vil gjere god nytte både globalt og lokalt. Samtidig som dei hjelper til med å halde havet reint, får dei også rydda i sitt eige nærmiljø.

Truar dyrelivet
Marin forsøpling truer dyrelivet i havet. Plast og anna syntetisk materiale tar svært lang tid å bryte ned, og kan difor vere til stor skade for både fisk, fuglar og andre dyr som lever ved og i havet.