Det er representantane Per Sandberg, Bård Hoksrud, Tord Lien og Arne Sortevik, alle frå Framstegspartiet, som vil at Stortinget skal avgjere kva som skal skje med ubåten. Dei viser til at vraket kan innehalde så mykje som 65 tonn flytande kvikksølv lagra på stålflasker ombord. Dei viser til at ei feilvurdering i behandlinga av ubåtvraket kan få enorme miljømessige og økonomiske følgjer både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Leiar i Fiskebåtredernes Forbund, Inge Halstensen, har fleire gonger åtvara mot tildekking av ubåten som den endelege løysinga på problemet. Han fryktar at dette ikkje er nok til å stanse lekkasjar, med dei følgjene dette får for omdømet til norsk sjømat. Halstensen ønskjer mellom anna ei grundigare vurdering av metodar for heving av vraket.