Fleirtalet frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk venstreparti legg til grunn at regjeringa kjem tilbake til Stortinget på egna måte.

Opposisjonspartia uttalar samla at ein annan instans enn Kystverket skal behandle saka vidare før saka så blir lagt fram for Stortinget av departementet.
Bakgrunnen er blant anna at Kystverket sterkt har tilrådd tildekking av det tyske ubåtvraket, medan fleire instansar seinare har peika på heving som ein sikrare og betre metode for å hindre forureining.

Fiskeri- og kystminister Helga Pedersen har alt slåt fast at Kystverket skal ha ansvaret når hevingsalternativa skal utgreiast betre.

Framstegspartiet står åleine om eit framlegg om at saka skal overførast frå Fiskeri- og kystdepartementet til Miljøverndepartementet.