Storstilt ungdomsmønstring
Fiskeflåtens Ungdomsmønstring i Ålesund i formiddag samla fleire ungdommar enn nokon gong. Over 1000 tiandeklassingar fekk orientering om sjømatnæringa på Parken Kulturhus.
27 aug 2014
Musikalsk underhaldning, informasjon om sjømatnæringa og utdanningsvegar var saman med ein klassekonkurranse hovudingrediensane i dei to forestillingane.
Årets musikalske artist var Sigrid Raabe, kjent blant anna frå NRK, Sommarfesten på Giske og Jugendfest i Ålesund. Eit ungt, musikalsk stjerneskot, som allereide er festa på den norske pophimmelen og svært populær i forsamlinga.
Den prisvinnande kunskapsformidlaren Arne Tunheim ga på 15 minutt dei unge ei innføring i norsk sjømatnæring, med hovudvekt på flåten.
Cathrine Tøsse, Mats Rørvik Grimstad og Martin Bolme- alle i 20-åra- fortalde om arbeidet om bord, utdanningsvegar og arbeidsordningar.
I ein kunnskapskonkurranse om sjømat mellom uttrekte klassar gjekk klasse 10D ved Kolvikbakken skole i Ålesund til topps i den første forestillinga og klasse 10C ved Valderøy ungdomsskule i den andre.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Surofi, Møre og Romsdal fiskarlag, opplæringskontoret FiskOK og Fiskebåt Vest.