-Dette er svært positivt, seier Jan Roger Lerbukt i Hermes, men legg til: -Vi har sjølvsagt ikkje jobb til alle desse, men den store interessa kan brukast til å reklamere for ledige jobbar i heile den flotte norske sjømatnæringa og for næringa generelt, seier Lerbukt.

Han seier at Hermes har eit svært stabilt mannskap, men opplyser at ein av dei tre ungdommane i programmet, Carl Robert Orza, viste seg som svært dyktig og stod om bord som fiskar på resten av turen etter opptaka. I fjor sommar fekk han også jobb på Hermes på ein sju vekers tur til Grønland, men etter det har dei ikkje hatt noko å tilby han.

-Kva gjer du med alle søknadene no?

-Vi takkar sjølvsagt for interessa og opplyser om at vi ikkje har ledige jobbar no. Samstundes blir dei oppmoda til å forhøyre seg blant aktørane i norsk sjømatnæring om ledige jobbar, seier Lerbukt.