Hovudsakene på møtet blir tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske, NOx-avgifta for fiskeflåten og fiskeripolitikken til regjeringa. Statsråd Dag Terje Andersen skal innleie til debatt om fiskeripolitikken.

Andersen er no både nærings-og handelsminister og konstituert fiskeri- og kystminister.

I tillegg til representantar for fiskeflåten vil forsamlinga telje mange politikarar, representantar for fiskeriforvalting- og forsking, finansinstitusjonar og organisasjonar i fiskerinæringa.

Fiskebåtredernes Forbund opplyser at det framleis er høve til å melde seg på møtet, som blir avvikla på Hotell Bristol i Oslo 17. og 18. januar.