Stadig fleire fiskebåtreiarar stiller krav til kunnskapar om korleis ein kan reparere skada nøter, trålposar og andre fiskereiskapar. Ofte kan ein lese følgande tekst i når det blir utlyst ledige jobbar på fiskebåtar [SEMI] "Vi søker etter bøtekyndig fiskar". Men langt frå alle fiskarar har denne erfaringa.

Stor interesse
Difor arrangerte Marint Kompetansesenter eit kurs over to dagar. Kurset vart gjennomført ved Bryggen Opplæringssenter på Roald på Vigra i Giske kommune. Deltakarane kom frå til saman åtte reiarlag.

Dei som deltok var godt nøgde med kurset, og ser gjerne at det blir halde fleire tilsvarande kurs, og gjerne på forskjellige nivå alt etter kva grunnkunnskapen er. Som følgje av tilbakemeldinga har Marint Kompetansesenter bestemt seg for å arrangere minst to bøtekurs kvart år framover.

Instruktørar på dette bøtekurset var Bjørn Owe Hjelle (Selstad), Harald Lausund (Mørenot) og Bjørn Reidar Myklebust (Egersund Herøy).