Det heile starta med sambaopptog gjennom gatene, med trommekorps og brasilianske sambadansarar i spissen for ungdommane. Inne i teltet vanka det sjømat før Fredrik Steen engasjerte ungdommane, gjennom kommentarar og spørsmål.
Gjennom intervju med Marita Nygård (fiskar), Cathrine Tøsse (lærling), Erlend Maurstad (personalsjef) og Petter Geir Smådal (skipper) fekk ungdomskuleelevane eit kjapt innblikk i utdanningsvegar og arbeidsform om bord i fiskefllåten.

SUROFI, Møre og Romsdal Fiskarlag, Aalesunds Rederiforening og Opplæringskontoret FISK OK samarbeider om ungdomsmønstringa og dei andre arrangementa i SUROFI-teltet (Fiskeflåtens Festivaltelt) under Den Norske matfestivalen.