Stinn brakke på ungdomsmønstring
Fiskeflåtens Ungdomsmønstring samla 1000 tiandeklassingar frå Sunnmøre og Romsdal fredag formiddag.
28 aug 2016
Ungdommane var fordelt på to ulike forestiilingar, der dei fekk informasjon om sjømatnæringa generelt og fiskeflåten spesielt. Lydhøyre ungdommar fekk med seg
-Arne Tunheims foredrag om norsk sjømatnæring og utdannningsvegar for dei som vil inn i ei av framtidsnæringane her i landet
-Intervju med tre som elskar å fiske: Petter Geir Smådal (Smaragd), Kjell Ragnar Risbakk (Atlantic Viking) og Ståle Dyb (Loran) blant anna om livet på havet, spenninga ved å vere på jakt og om løn og kvar som krevst om bord
-Kunnskapskonkurranse med premie på 10000 kroner til klassane som vann.Godøy skule og Ytre Herøy ungdomsskule (10C)
-Den unge artisten Sigrid Raabe
Statssekretær Ronny Berg i Nærings- og fiskeridepartementet, som var til stades på den første forestillinga, var mektig imponert over opplegget til arrangørane, Surofi, Marint Kompetansesenter, Møre og Romsdal FIskarlag og Fiskebåt Vest.
I Romsdals Budstikke var det laurdag eit tre siders oppslag om ungdomsmønstringa, der Bergmo i Molde, Midsund og Måndalen var blant ungdomsskulane som deltok.