Stappfullt på ministermøte
Det var stor interesse for møtet som Fiskebåt Vest arrangerte med Elisabeth Aspaker i Ålesund i ettermiddag. Etter Aspakers foredrag hagla det med spørsmål frå ei engasjert forsamling.
29 aug 2014
På eit godt besøkt medlemsmøte, som også var ope for andre, svarte ein velopplagt fiskeristatsråd på 30-40 spørsmål om fiskeri- og næringspolitikk etter Aspakers engasjerte foredrag.
Aspaker var tydeleg på at endringar i fiskeripolitikken må til og at det politiske grepet om næringa skal slakkast. Ho ville ikkje vere meir konkret før Sjømatindustriutvalet ( også kalla Tveterås-utvalet etter leiaren) legg fram si tilråding i desember. Aspaker sa at regjeringa vil følgje opp utvalet med ei Stortingsmelding og også forslag om lovendringar.
Fiskeiministeren nytta høvet til å kome med sterk ros til Fiskeflåtens Ungdomsmønstring, der Fiskebåt Vest saman med andre sjømatorganisasjonar onsdag i denne veka samla over 1000 ungdommar. Aspaker roste også etableringa av Sjømatalliansen, som kjempar for frihandel for norsk sjømat.