For alle artane knyter det seg stor spenning til råda for 2015. Når det gjeld makrell blei rådet for inneverande år justert opp i mai, etter at ICES hadde godkjent ny forskingsmetodikk. Spørsmålet er om kvoten for 2015 blir foreslått auka endå meir etter toktet i sommar, der havforskarane blant anna fekk oversyn over yttergrensene for utbreiinga av makrell.

I første halvår i år var det mange diskusjonar mellom fiskarar og forskarar om kor stor bestanden av norsk vårgytande sild er. Rådet 30. september vil vise om forskarane gir fiskarane meir rett enn tidlegare.

Kolmulekvoten blei nesten dobla frå 2013 til 2014, og forskarane sa i fjor haust at gytebestanden villle bli endå større i 2015.

Ei veke etter at kvoteråda for kolmule, nvg-sild og makrell er klare kjem ICES med si tilråding om loddekvoten i Barentshavet i 2015. Årets kvote var på 65 000 tonn, og dermed den lågaste på mange år. I 2013 var kvoten på 200 000 tonn og i 2012 på 320 000 tonn. I 2011 var loddekvoten i Barentshavet på 380 000 tonn.