Fondet kan få utgiftene for havfiskeflåten ned frå 15 kroner per kilo NOx-utslepp til 3-5 kroner.
Revidert nasjonalbudsjett som blir lagt fram 15. mai kan også gi visse signal. Eit NOx-fond vil påverke inntektene som staten har rekna med frå avgifta. Dersom regjeringa har kome så langt at fondsforslaget frå næringslivet er akseptabelt vil dette kome til uttrykk i revidert nasjonalbudsjett.
Denne veka har fiskeri-og kystministeren fått ein grundig gjennomgang av Fiskebåt, men før saka blir avgjort skal både miljøvernminister Helen Bjørnøy og ikkje minst Kristin Halvorsen vurdere framlegget frå næringslivet om utforminga av eit NOx-fond.