Leinebris er det femte nye fartøyet blant Fiskebåt-medlemmene i år. I 2014 kom det seks nye fartøy blant Fiskebåts medlemmer og i 2013 heile 13 nye havfiskefartøy.

Dermed har det kome 24 nye fartøy blant Fiskebåt-medlemmene i løpet av to og eit halvt år.

I tillegg er ny Ramoen under bygging i Spania, Halstensen-reiarlaget skal bygge ny Granit og Olympic Seafood skal bygge ny reketrålar.

Laurdag var Karina Leinebø gudmor, då Leinebris blei døypt på Averøya, heimkommunen til medeigarane i Uran-familien.

2013
Andenesfisk I
Atlantic Viking
Gadus Njord
Gadus Poseidon
Havbryn
Havstrand
Herøyhav
Hopen
Kings Bay
Ligrunn
Rogne
Straumberg
Volstad

2014
Fiskebas
Gadus Neptun
Harvest
Quo Vadis (kystfartøy)
Torbas
Østerbris

2015
Haugagut
Kvannøy
Leinebris
M.Ytterstad
Smaragd