GIEK-direktør Wenche Nistad la fram positive signal for delegatane på årsmøtet til Fiskebåt Vest.

- Dette er ei ny ordning som gjeld frå årsskiftet. Tidlegare har vi ikkje kunne gi garantiar til båtar som opererer i Norge, men no skal det prøvast ut over ein prøveperiode på tre år, seier Nistad.

Ikkje støtteordning
Ordninga har såleis tidlegare vore brukt til fartøy som opererer internasjonalt som cruisebåtar og offshorefartøy.

Nistad presiserer at dette ikkje er noko støtteordning, men at GIEK (Garantiinstituttet for eksportkreditt) kan garantere for inntil 70 prosent av finansieringa.

- Sjølve finansieringa må reiarane sjølv ordne gjennom sine bankar eller andre investorar, men med ein offentleg garanti er det ofte lettare å få bankane med på investeringane. Dette gjer det også meir attraktivt å bygge nytt ved norske verft, seier Nistad.