I mai startar første kurset for fabrikksjefar i fiskeflåten. I løpet av eit halvt år skal dei tileigne seg teoretisk kunnskap, som eit tillegg til den praktiske erfaringa dei har gjennom jobben sin.

- Dette er nivået over fagbrev, og meininga er å gi deltakarane nokre teoriknaggar som dei kan henge praksisen sin på, seier Terje Molnes i Marint Kompetansesenter.

Nettbasert
Det er Maritimt kompetansesenter som saman med næringa har utarbeida kursopplegget, som er eit nettbassert kurs som går over om lag eit halvt år. I første omgang er dette eit kursopplegg for fabrikksjefar, men eit kurs for trålbasar er også under planlegging.

- Det blir stadig større krav til kvalitet, produktivitet og HMS om bord i våre trålarar. Fabrikksjefar, formenn og andre mellomleiarar om bord er heilt sentrale for å oppnå dette. Vi har mange dyktige leiarar om bord, men nokre av dei treng meir fagleg påfyll. I tillegg er det behov for at dyktige fiskarar tar steget opp til mellomleiarar, seier Erik Kartevoll i Havfisk.

Kartevoll har leia arbeidsgruppa som har utarbeida kursopplegget. Og det er eit grundig kurs det er lagt opp til, der deltakarane må gjennom sju modular fordelt på to trinn. I første trinn blir det lagt vekt på kvalitet på produkta og hygiene.

Grunnlag
Etter denne delen har deltakarane det teoretiske grunnlaget for å jobbe som fullbefaren fabrikkarbeidar. I den andre delen blir det lagt vekt på arbeidsmiljø (HMS), eigenkontroll og leiing. Etter denne delen har deltakarane det teoretiske grunnlaget for å jobbe som fabrikksjefar.

Kursopplegget blir presentert for medlemsbedriftene på ein fagkonferanse i regi av Marint Kompetansesenter onsdag 5. april. Sjå lenke under.