Blant spørsmåla som blei drøfta var
-området som skal dekkast av toktet
-fleksibilitet i forhold til dekningsområde
-korrigering av måleresultata i forhold til at målingane skjer frå sør mot nord, medan silda vandrar frå nord til sør

-Det var ein positiv og grundig gjennomgang, der navigatørane hadde mange spørsmål og forslag. No kryssar vi fingrane for godt ver og gode måleresultat. Med fullmåne torsdag i denne veka burde det vere håp om gode registreringar, sa Fiskebåt-direktør Audun Maråk etter møtet.

Toktet skal vare i 14 dagar, og skal etter planen dekke området frå
Møre til og med Troms. Området kan bli utvida mot sør og nordaust, dersom informasjon frå fiskarane tilseier at det finst vaksen sild i desse områda.Forskarane er svært interessert i observasjonar av sild som kjem vandrande inn frå Norskehavet. Slike observasjonar er svært viktige som grunnlag for at toktopplegget kan justerast. Fiskebåt ber difor fartøy på veg til/frå Island eller Færøyane melde frå om eventuelle registeringar. Det kan gjerast på e-post eller telefon til Fiskebåt.

Sjølve mengdemålinga skal utførast gjennom systematisk akustisk kartlegging, ved bruk av ekkolodd og sonarar, og med regelmessig prøvetaking av silda for årsklassesammensetning.

Bakgrunnen for toktet er mellom anna usemje mellom fiskarar og forskarar om kor stor bestanden av norsk vårgytande sild er. Toktet er delfinansiert av næringa gjennom Norges Sildelagslag.