Havforskingsinstituttet opplyser at årsak til utsettinga er behovet for å kvalitetssikre rapporten både på forskarsida og blant aktørane frå næringa som deltok som observatørar.

Det knyter seg stor spenning kor store sildemengder rapporten vil konkludere med.

Sildetoktet , som var systematisk akustisk kartlegging og mengdeestimering av gytebestanden av nvg-sild, blei utført i perioden 2.-17. februar av forskarar på fartøya Nybo, Inger Hildur og Ligrunn. Fiskarnae sjølve, gjennom Sildelaget , finansierte over halvparten av toktet som kosta 6,5 millionar kroner.

I neste veke møtest referansegruppa for toktet i Fiskebåts lokale i Ålesund for å diskutere toktet og resultata.