Dei har også tatt vassprøver ved to oppdrettsanlegg sør for Fedje.

Prøvane frå ”Håkon Mosby” blir no analyserte ved Havforskingsinstituttets kjemilaboratorium i Bergen.

I tillegg til dette er sjarken ”Vikingfjord” leigd inn for å fiske med teiner i utsleppsområdet. Denne fisken skal analyserast for innhald av oljekomponentar i galle, lever og muskel. Resultata frå desse prøvene blir tidlegast klare fredag neste veke.

- Vi må skaffe oss så mykje informasjon som mogleg om konsekvensane av dette utsleppet. Vi har difor omdisponert ”Håkon Mosby” i to dagar for å samle inn data, seier administrerande direktør Tore Nepstad.