FULL STØTTE
Brekk gir full støtte til næringsorganisasjonane, som før sommaren kom med framlegg til ein miljøavtale med staten. Brekk meiner at forslaget frå organisasjonane er fullt ut akseptabelt.-For oss handlar dette om å få bort uvissa for næringslivet. Ved å få til ein miljøavtale kan vi drive reell og god miljøpolitikk, samstundes som vi har ein god næringspolitikk, seier Brekk til Fiskaren.

VERSTE BOMSKOT
Leiaren i Fiskebåt, Inge Halstensen, utdjupar overfor avisa det sterke brevet frå 14 næringsorganisasjonar som fredag hamna på statsministerens bord.
-Gjeldande ordning for reduksjon av NOx-utslepp er eit av dei verste politiske bomskota i nyare tid, seier Halstensen.
I løpet av året går 1,6 milliardar kroner frå næringslivet rett i statskassa-pengar som skulle vere avsett til teknologiutvikling, seier Halstensen.

EINESTÅANDE AVGIFT
For mange bedrifter aukar driftskostnadene med 10-15 prosent på grunn av NOx-avgifta, noko som er langt over tålegrensa for svært mange bedrifter. Aldri før har ei avgift med slike dimensjonar blitt innført berre for å skaffe pengar i statskassa, seier Halstensen til avisa.

IKKJE TILGJEVING
Fiskebåtleiaren seier at dei som har planlagt og gjennomført NOx-avgifta etter regjeringsskiftet i dag framstår som landets største folkefiende, slik Henrik Ibsen formulerte det i si tid.- Dei gøymer seg i dag, men vi veit kven dei er.
-Dei kan ikkje i det heile tatt vite kva dei gjer, og dei bør ikkje få tilgjeving. Sjølv Skrifta må vike i slike hårreisande tilfelle, seier Halstensen til Fiskaren.