Kvotane for dei fleste bestandane blir vidareførde på same nivå som for 2015. Likevel vil norsk mogelegheit til fiske på blåkveite ved Øst-Grønland bli redusert med 100 tonn. Til gjengjeld har Noreg fått ein ny kvote på brosme på 200 tonn. Noreg og Grønland er også blitt einige om å vidareutvikle og vidareføre det gode forskingssamarbeidet.

Grønland sin kvote i Barentshavet er i samsvar med 2015 satt til 3500 tonn torsk, 900 tonn hyse og 700 tonn sei. I tillegg får Grønland ein kvote på inntil 260 tonn bifangst av andre artar.

Den norske blåkveitekvoten på 900 tonn ved Vest-Grønland er vidareført. Ved Aust-Grønland er blåkveitekvoten redusert med 100 tonn til totalt 400 tonn og kveitekvoten reduserte til 100 tonn. Torskekvoten blir vidareført med 1200 tonn og kvoten for botnlevande uer med 800 tonn. I tillegg har norske fartøy ein kvote på 150 tonn bifangst av andre artar.

Forskingssamarbeidet blir vidareført for blåkveite, torsk, uer og makrell. Partane har også nyleg sett i gang eit nytt fleirårig forskingsprogram om effekten av klimaendringane på fiskebestandane i Vest-Norden.