Artikkelen som er publisert i det anerkjente britiske tidsskriftet Nature, dokumenterer at seismikk har stor innverknad på dyrelivet i havet. Det er særleg larvane til dyreplankton som er utsett, og døyr i området der det blir skote seismikk. Seismikk blir brukt av oljeindustrien for å kartlegge botnforholda og finne ut om det er grunnlag for å vinne ut gass og olje.

Mange døyr
Det er seks forskarar frå dei to australske universiteta Curtin og Universitetet i Tasmania i Australia som har gjennomført forsøka. Ifølge forskarane er det opp mot to og tre gongar så stor dødelegheit i område der det blir skote seismikk. I forsøka varierer dødligheita frå 18 prosent opp til 60 prosent.

Store område
Skadane omfattar store område, som strekker seg over ein kilometer frå der skytinga foregår. Ifølgje forskarane er dette også ny kunnskap, enn det ein har hatt tidlegare. Forsøka viser at larvar som lever opp til 1,2 kilometer frå der det vart skote, døyr som følgje av skadane.

Alvorlege følgjer
Kva følgjer dette kan få for balansen i økosystemet er uvisst, og heller ikkje noko forskarane vil spekulere rundt. Men små dyr som dette er blant anna viktig mat for både fisk og fleire kvalartar. Forskarane har heller ikkje sett på kva følgjer kan vere for fiskeyngel som lever i dei aktuelle områda, der det blir skote seismikk.

Du kan lese heile artikkelen i Nature med å klikke på lenka under