Dyb fortel om ein fangst på 170 tonn stor garnsei, 25 tonn mindre sei, 30 tonn lange og 10 tonn torsk.- Vi har vore på sjøen sidan 7. oktober og for det meste fiska på Tampen, fortel Dyb. Loran er no på veg til land med rekordfangsten. I tillegg til prisen er han storfornøgd med nyefabrikken om bord. -Vi har fått bort mykje av det tyngste arbeidet og har dessutan auka frysekapasiteten monaleg, seier Dyb.

Rekord?
-Sjølv om prisen er dobla sidan i vinter er det likevel ikkje rekord, opplyser Grimstad. SUROFI har funne ut at det i 1986 blei betalt kr.17,50 for ein fangst på 10 tonn sei frå Frøyholm jr. til Fjordlaks.-Grunnen til den høge prisen den gongen var ein annan ressurssituasjon, med knappheit på sei, fortel Grimstad.