Ifølgje Fiskebåt er vedtaket ugyldig og bør difor gjerast om av departementet. I eit brev til Nærings- og fiskeridepartementet stiller Fiskebåt også spørsmål rundt det faktiske grunnlaget i denne saka, der spørsmålet er kven som kan eige kystfartøyet Morgenstjerne.

Konkurranse
I vedtaket er det nemleg lagt vekt på at leveransane frå dette konkrete fartøyet er ”svært viktig” for verksemda, og at det er sterk konkurranse frå fiskareigde inststribedrifter, og at eigarskap i fartøyet vil føre til at anlegget vil motta meir råstoff utanom hovudsesongen.

Fiskebåt stiller seg undrande til at ein 15 meter lang båt vil ha avgjerande innverknad på tilgangen til råstoff. Det er også merkeleg at det skal vere spesielt stor utfordring i forhold til råstoff i den konkrete regionen, heiter det i brevet.

Ikkje for kystfartøy
Deltakarlova opnar for at det kan bli gitt dispensasjon i spesielle tilfelle, men dette er avgrensa til havfiskefartøy og kan difor ikkje utan vidare overførast til kystfartøy. Årsaka til det, er at havfiskefartøy kan sikre råstoff heile året, i motsetnad til dei små kystfartøya som kunn kan levere når fisken er nær kysten.

I tillegg er det ein føresetnad om at det ikkje er aktive fiskarar innanfor same distrikt som kan overta fartøyet. I denne saka er ikkje noko av dette oppfylt, skriv Fiskebåt i brevet.

Du kan lese heile brevet frå Fiskebåt i lenka under