Arrangementet er eit samarbeid mellom SUROFI (Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag), Møre og Romsdal Fiskarlag og Aalesunds Rederiforening.

Sambaopptoget har sin bakgrunn i klippfiskeksporten frå Ålesund til sambanasjonen Brasil.

I SUROFI-teltet var det i tillegg til fiskeripolitisk duell (omtalt tidlegare her på www.fiskebat.no) sambakveld med brasiliansk sambainstruktør og dans, førsteklasses sjømat for publikum frå resurant MAKI i Fosnavåg og fiskardans laurdag kveld.

Musikarane som fekk stemninga i taket både fredag og laurdag var Lasse Silnes og Paul-Gustav Remøy.