Eit gamalt kjøleskap var noko av det elevane ved naturbruk ved Herøy vidaregåande skule fann, då dei deltok på Fiskebåt si strandrydding. Den siste tida har dei lært mykje om korleis plast og anna søppel kan vere med å øydelegge livsgrunnlaget i havet.

Søppel
Elevane har difor både vore innom ein daglegvarebutikk og hos ein reiar for å lære meir om problema knytt til forsøpling i havet, seier lærar Annelise Chapman.

Mange aksjonar
Heile veka har det vore fleire ryddeaksjonar langs heile kysten. Fiskebåt saman med Norges Råfisklag gir støtte til lag og organisasjonar som er med på ryddedugnaden. I tillegg har to skuleklasser fått støtte for å vere med. I Tromsø fekk klasse 6A ved Lunheim skole også eit innblikk i kor farleg plast og anna søppel kan vere for livet i havet.

Facebook
Du kan sjå fleire bilde og video frå dei forskjellige ryddeaksjonane på vår Facebookside.