Situasjonen er framleis fastlåst for reketrålaren Remøy som vart tatt inn til Murmansk av russisk kystvakt, onsdag 10. mai. Både norske fiskeri- og utanriksstyresmakter jobbar no med å få båten frigitt. Fiskebåt og reiarlaget har vore i møte med Utanriksdepartementet og Fiskeridepartementet om saka og fått utveksla synspunkt.

- Vi har hatt eit konstruktivt møte og det er ingen tvil om at vi jobbar mot eit felles mål, som er å få frigitt båten så raskt som mogleg. I tillegg har vi fått utveksla synstpunkt rundt den vidare framdrifta, seier Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt.

Fiskebåt og reiarlaget har også hatt møte med parlamentarisk leiar for Frp på Stortinget, Harald Tom Nesvik, for å drøfte situasjonen.

Kausjonskrav
Det russiske kausjonskravet på 90 millionar kroner er meir enn 10 gongar større enn fangsverdien som er om bord i båten.

- Kravet står på ingen måte i forhold til realitetane i saka, og dette kravet gjer at situasjonen ikkje er mogleg for reiarlaget å handtere. Dessutan ligg ansvaret hos norske styresmakter. Vi hadde håpa på at saka skulle få ei rask avklaring, seier Maråk.

Formalitetsfeil
Årsaka er ein formalitetsfeil i lisensdokumenta som trålaren må ha for å fiske i russisk sone. Lisensieringa av norske fartøy som skal fiske i russisk sone, er eit forhold mellom Norge og Russland. Reiarlaget hadde søkt norske styresmakter om lisens for å fiske på ein norsk rekekvote i russisk sone. Lisens for fartøyet blei gitt og reiarlaget har dagleg rapportert om fartøyet sine rekefangstar til både Russland og Norge. Reiarlaget har difor forholdt seg til at lisensen som blei gitt var i orden.

Har det bra
Både reiarlaget og det norske generalkonsulatet i Murmansk har sørga for at mannskapet blir tatt godt vare på. Etter planen var dei på veg heim for mannskapsskifte, då dei vart stoppa i eit kontrollpunkt av den russiske kystvakta.

- Det er ingen tvil om at dette er ei stor belastning for både mannskapet og reiarlaget. Difor er det viktig at saka får ei snarleg løysing, seier Maråk

Det er UD som handterer kontakten med russiske styresmakter.

Trålaren Remøy har eit mannskap på 17 personar, der to er frå Færøyane og resten er norske.

Alle partar jobbar aktivt med å få løyst saka, og reiarlaget har bedt om at mediekontakt i størst mogleg grad skal gå gjennom Fiskebåt. Kontaktpersonar er adm.dir. Audun Maråk (900 77 470) og informasjonsleiar Odd Kristian Dahle (906 15 658).