I svaret skriv departementet mellom anna:
"Norske styresmakter ser svært alvorleg på manglande samtykke til å få gå inn i russisk sone, særleg fordi dei naudsynte undersøkingane heller ikkje ser ut til å bli utførde av russiske havforskarar. På sikt vil dette kunne medføre at tidsseriane havforskarane brukar i sine vurderingar må kuttast ut, noko som i sin ytterste konsekvens kan medføre at ICES ikkje finn å kunne gje tilstrekkelege råd om forvaltinga av viktige fellesbestandar i Barentshavet. Ein slik situasjon vil vere svært uheldig og i stor grad komplisere arbeidet med særleg å bli samde om nivået på totalkvotane (TAC-ane) innanfor ramma av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjon. Svingande totalkvotar vil igjen føre til ustabile rammevilkår for fiskerinæringa både til havs og på land, noko ein innanfor Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjon dei seinare åra har arbeidd hardt for å forhindre, mellom anna gjennom å innføre haustingsreglar for fastsetjing av TAC for fellesbestandane.
Alt dette gjer at det er ei høgt prioritert oppgåve for Regjeringa å arbeide for at norske forskingsfartøy på ny får forske i russisk sone i samsvar med det vedtekne samarbeidsprogrammet. Å nekte russiske forskingsfartøy å forske i havområde under norsk jurisdiksjon har vore vurdert ved fleire høve, men til no har ein konkludert at å nekte dette ikkje vil vere i Noreg si interesse. Mellom anna har omsynet til kunnskap vege tungt, at det er betre med noko kunnskap enn ingen kunnskap. Både Utanriksdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet nyttar likevel eitkvart høve på både politisk og administrativt nivå til å ta problemet opp med russiske styresmakter. Andre kanalar er og vil bli nytta der det er mogleg og/eller naturleg. Blant anna er saka også omfatta av ein gjennomgang som er i ferd med å bli sluttført av Riksrevisjonen og den tilsvarande russiske etaten, om forvaltinga av fiskeressursane i Barentshavet.
Eg ønskjer å seie at eg fullt ut deler stortingsrepresentant Løvik si bekymring på dette området, og eg kan forsikre at både vi politikarar og forvaltinga også i framtida vil ta spørsmålet opp med russiske styresmakter via alle relevante kanalar".

--------------------------------------------------------------------------------