Leiiinga i Remøy Havfiske vil reise til Murmansk for å møte mannskapet om bord i reketrålaren Remøy. Reisa vil bli gjennomført så snart det er praktisk mogleg. Normalt kan det ta nokre dagar å ordne visum for å reise til Russland.

- Vi vil reise til Murmansk for å møte mannskapet om bord i Remøy. Samtidig jobbar vi med å skifte ut delar av mannskapet. Vi må ikkje gløyme at dei var på veg heim då båten vart tatt inn til Murmansk. No har dei vore der nesten to veker ekstra, så dei fortener å få reise heim, seier Olav Remøy, styreleiar i Remøy Havfiske.

Reiarlaget jobbar no med forskjellige løysingar for å få til eit mannskapsbyte. Her er det mange praktiske ting som må ordnast i forhold til visum.

Kostnader
For reiarlaget er det også store kostnader knytt til arrestasjonen. Det er tapte fangsinntekter, kostnader til agent, hamneavgift og juridisk.

- Til saman blir dette store beløp. Berre tapte fangstinntekter er truleg på rundt ein halv million kroner per dag, seier Remøy.

Bakgrunn
Reketrålaren Remøy vart tatt inn til Murmansk av russisk kystvakt onsdag 10. mai, som følgje av ein formalitetsfeil i lisensdokumenta. 

Årsaka er ein formalitetsfeil i lisensdokumenta som trålaren må ha for å fiske i russisk sone. Lisensieringa av norske fartøy som skal fiske i russisk sone, er eit forhold mellom Norge og Russland. Reiarlaget hadde søkt norske styresmakter om lisens for å fiske på ein norsk rekekvote i russisk sone. Lisens for fartøyet blei gitt og reiarlaget har dagleg rapportert om fartøyet sine rekefangstar til både Russland og Norge. Reiarlaget har difor forholdt seg til at lisensen som blei gitt var i orden.

Det er UD som handterer kontakten med russiske styresmakter. 

Trålaren Remøy har eit mannskap på 17 personar, der to er frå Færøyane og resten er norske.