Norske fiskeristyresmakter jobbar no med å få frigitt båten igjen, og er klar over at fartøyet har sendt inn korrekt lisenssøknad. Årsaka til at trålaren blir heldt tilbake er ein formalitetsfeil i dokumenta i samband med behandlinga av lisensen til fartøyet.

Det blir no jobba intenst frå norske styresmakter for å få frigitt båten igjen så raskt som mogleg.

Trålaren Remøy er eigd av Remøy Havfiske AS i Fosnavåg i Herøy. Båten har no vore på rekefiske i russisk sone i Barentshavet. Trålaren Remøy har 17 pesonar om bord, der to er frå Færøyane.

- Vi håpar at saka blir raskt løyst og at norske styresmakter finn ei løysing i lag med russiske styresmakter. Vi får god hjelp frå norske fiskeristyresmakter, seier Olav Remøy, styreleiar leiar i Remøy Havfiske AS.