Norge er ein tredjepart i forhandlingane mellom Storbritannia og EU i samband med Brexit. Likevel får dette store følgjer for norsk næringsliv, og då ikkje minst i forhold til fiskerinæringa. I dag inviterte difor næringsminister Monica Mæland (H), fiskeriminister Per Sandberg (Frp) og EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen (H) næringslivet for å få innspel.

Orientering
Dei tre statsrådene orienterte om kvar sine felt og det arbeidet som pågår i samband med at Storbritannia er på veg ut av EU. Fiskebåt påpeika i møtet at noko av det viktigaste er å sikre gode rammevilkår knytt til marknadstilgang, og at det kjem gode overgangsordningar.

Overfor EU, vil EØS-avtalen framleis vere gjeldande, men Norge må forhandle fram nye avtalar med Storbritannia innan ei rekke område. Ikkje minst må det forhandlast fram ein ny handelsavtale med Storbritannia. For fiskerinæringa vil kvitfisk, reke og laks vere viktige fiskeartar.

Fiskebåt kommenterte også at det vil vere avgjerande å sikre kontroll over ressursane, for å sikre vår vår rettmessige del av fellesbestandande som vi deler med Storbritannia og EU.

- Vi set difor stor pris på at dei tre statsrådane har invitert oss til ein dialog om dette, seier Audun Maråk.

Referansegruppe
Maråk sit også i ei eiga referansegruppe for fiskeri, som nettopp ser på konsekvensane for fisket.

- Norge bør vere ein attraktiv samarbeidspartnar både overfor Storbritannia og EU, både som ein seriøs aktør og framtidig viktig alliert. Det er difor viktig å spele korta vore korrekt, slik at vi kjem godt ut i samband med fordeling av dei artane som vi også i dag deler med EU og Storbritannia, seier Maråk.

Tre partar
Fiskebåt forventar difor at Brexit-prosessen vil sikre at vi får like gode trepartsavtalar, som det vi i dag har direkte med EU.

- Storbritannia vil vere ein viktig samarbeidspartnar med Norge, særleg i forhandlingar og fordeling i forhold til makrellkvotene og nordsjøbestandane, seier Maråk.