Halstensen seier at Fiskebåt er pragmatisk i EU-saka og opptatt av at Norge skal ha råderett over ressursane. Forhandlingsresultatet i 1984 var ikkje godt nok på dette punktet. Då hadde vi eit nei-standpunkt, men er opne for ei ny vurdering no, seier han.

-Det er dramatisk i seg sjølv at Norge snart står temmeleg åleine utanfor EU, seier styreleiaren i Fiskebåt.

Han meiner det er positivt for Norge om Islands EU-søknad skulle ende med at landet blir medlem. -Det eg har i tankane er Islands åtferd for å skaffe seg ressursdelar. Dersom landet blir EU-medlem må dei følgje spelereglane til unionen, og det trur eg vil vere positivt for forholdet mellom Norge og Island i fiskerispørsmål, seier Inge Halstensen.